www.lradeponi.no
   
Oppdatert: 19 May, 2009
 
     
       
 

 

 

Mai 2009: Misvisande frå NRK Brennpunkt
NRK presenterer den 19. mai eit bilete av bedrifta Wergeland-Halsvik AS som ikkje stemmer overeins med dagens verkelegheit. Les bedriftas pressemelding her

NRK Brennpunkt tar for seg avfall som er friklassa, altså påvist ikkje-radioaktivt-materiale. I avfallsindustrien er det ei normal løysing at slikt friklassa materiale reduserast i volum ved forbrenning og at aska frå forbrenningen deponerast. Materiale som klassifiseras som lavradioaktivt avfall (LRA) forbrennes derimot ikkje; det deponerast i Stangeneset LRA-deponi, eit deponi som for øvrig er det første av sitt slag i verda, se Statens strålevern si omtale av deponiløysninga på www.nrpa.no.

Den 5. mai i år utførte Statens strålevern kontroll ved Wergeland-Halsvik sitt landdeponi der aska frå forbrenning av friklassa materiale deponerast. Kontrollmyndegheitens rapport syner at det ikkje vert funne stråling over normale bakgrunnsnivå.




April 2009: Årsrapport for 2008

Deponiets årsrapport for 2008 er ferdig utarbeidd og kan lastas ned her.



Oktober 2008: Deponiet sett i drift

Deponiet vert sett i drift ved mottak av 78 tonn LRA frå StatoilHydros lager ved Florø.



Mars 2008: Myndegheitene har godkjent deponiet

Den 5. mars 2008 godkjente Statens strålevern deponi for lavradioaktivt avfall fra petroleumsvirksomheten på norsk kontinentalsokkel. Deponiet er det første av sitt slag i Norge. Statens strålevern skriver følgende på sine nettsider www.nrpa.no:

"Statens strålevern har i dag gitt Wergeland-Halsvik godkjenning av deponi for radioaktivt avfall fra petroleumsvirksomheten på norsk kontinentalsokkel. Deponiet er plassert i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Godkjenningen gjelder mottak av radioaktivt avfall som frem til i dag har vært lagret midlertidig på anlegg langs kysten. Det har lenge vært arbeidet for å få en løsning for denne type avfall. Per i dag oppbevares ca 400 tonn radioaktivt avfall ved slike anlegg. Godkjenningen gjelder også avfall som genereres fortløpende i forbindelse med olje- og gassproduksjon.

- Deponiet er en viktig brikke for å sikre trygg forvaring av slikt avfall i et langsiktig perspektiv, og det vil være et viktig bidrag i den nasjonale avfallshåndteringen, sier avdelingsdirektør Per Strand i Statens strålevern.

Deponiet er i sin helhet plassert i tunneler inne i fjell og består av en behandlingsenhet for enkel forbehandling, og to tunneler for innstøping av avfall. Deponiet har kapasitet til å lagre 6000 tonn avfall, med mulighet til ytterligere utvidelse. Avfallet inneholder oppkonsentrerte naturlig forekommende radioaktive stoffer i hovedsak mellom 10 og 100 Bq/g. Deponiet vil ikke medføre økt stråling til omgivelsene. Som en del av godkjenningen stiller Statens strålevern omfattende krav til årlig miljøovervåkning og rapportering av aktivitetsnivåer i miljøet rundt deponiet."



Desember 2005: Søknad om utsleppstillatelse til SFT

Søknad om utsleppstillatelse for ikkje-radioaktive komponentar frå deponianlegget vart sendt Statens forureinsingstilsyn den 20.12.05.



Desember 2005: Søknad om utslepps- og driftstillatelse

Søknad om godkjenning (utslepptillatelse og driftstillatelse) for deponianlegget i Gulen vart sendt Statens strålevern 15.12.05.



Oktober 2005: Avgjerelse i Statsråd

Regjeringa gjekk i Statsråd 28.10.05 inn for Gulen som det beste alternativet for lokalisering av eit LRA-deponi.



Oktober 2005: Utreidingsplikta oppfyld
Sluttdokument for vurdering av konsekvensutreidinga vart klår 12.10.05. Statens strålevern konkluderar med at utreidingsplikta er oppfyld.



Juni 2005: Tilleggsutreiding er sendt myndigheitene

Etter pålegg frå Statens Strålevern er det utarbeidd ei utreiding som tillegg til konsekvensutreidinga frå november 2004. Tilleggsutreidinga vart sendt myndigheitene den 31. mai.



April 2005: Nedlasting av vedlegg 3 til konsekvensutreidinga
Vedlegg 3 til konsekvensutreidinga fall ved ein feil ut av rapporten ved trykking. Vedlegg 3 eigner seg dårleg for utskrift av omsyn til det store formatet (kart), og kan med fordel inspiserast elektronisk.


November 2004: Konsekvensutreidinga er sendt myndigheitene
Konsekvensutreidinga for Stangeneset LRA-deponi vart sendt til Statens Strålevern den 19. november. Utreidinga er utarbeidd av Norse Decom, IFE miljø- og strålevernavdelinga og Multiconsult Bergen.


Oktober 2003: Folkemøte i Gulen 22. oktober
Folkemøte om planane for deponi for lågradioaktivt avfall frå oljeindustrien ved Stangeneset på Sløvåg frå oljeindustrien vert halde onsdag den 22. oktober kl. 20:00 på Dalsøyra samfunnshus. Representantar frå kommunen, oljeindustrien og utbyggjerane, Wergeland-Halsvik og Norse Decom, vil vere tilstade for å informere om planane og svare på spørsmål. Alle interesserte er hjartelig velkomne.


September 2003: Melding etter Plan- og bygningslova no ute på høyring
Det søkte tiltaket gjeld eit anlegg for forbehandling og deponering av lågradio-aktivt avfall (LRA) frå oljeindustrien.
Intensjonen er å ta hand om og deponere LRA som er og vil bli produsert på norsk sokkel på ein måte som er trygg i all overskueleg framtid og utan belastning for noverande eller framtidige generasjonar. Høyringsfrista er 17. november.

August 2003: Nettstad for Stangeneset LRA-deponi opna
Denne nettstaden er den offisielle informa-sjonskanalen for Stangeneset LRA-deponi i Gulen kommune. Nettstaden vert oppdatert fortløpande etterkvart som ny informasjon er tilgjengeleg. Vi ønskjer ein open og inkluderande dialog, og tek gjerne i mot spørsmål og synspunkt via e-post. Spørsmål vert besvara her.




 
Redaktør: Dr. Per Varskog, Norse Decom AS, Postboks 112, 2027 Kjeller, T 63 81 99 25, e-post: per.varskog@norse-decom.no
Nettstaden er utvikla og vert drifta av Norse Decom AS © 2003-2009.